Fast frakt 79,- | Rask levering

Klikk & hent i butikk

1
1 Produkter

Fast frakt 79,-

Rask levering

1
1 Items Selected

Kattnakken Vinterregndress vêret, Stamme

1.399 kr

Produktnummer: 104724 Kategorier: ,

No er den her! Vår superpopulære vinterregndress har blitt redesigna og gjort enda betre og med nye funksjonalitetar. Den er fora med mjukt for som gjer den varm på kalde og våte vinterdagar. Vanntette glidelås som ligg ut mot sida, lomme på brystet, mulighet for å åpne litt i halsen. Fri justering av strikken i livet inni dressen. Me har og fjerna saumar som kan utsettas for slitasje. Dressen er slitesterk, laga i mjuk PU-kvalitet og den lett å bevege seg i. Den er utstyrt med Vannstoppar og refleksar på ermer og bein, slitesterke fotstrikkar, namnelapp, sveisa saumar og sikkerhetshette som er både avtagbar og regulerbar og har refleks. Dressen er sjølvsagt vanntett, så lenge du ikkje brukar den som ein dykkerdrakt. Fôret gjer at den også er ventilerande.

Den glatte innsida gjer den lett å ta på og av sjølv for barna.

Perfekt for kalde dagar med øs pøs regnvêr og ikkje minst slaps og tullesnø!

Dressen er god i størrelsen så mål barnet sin høgde og velg den størrelsen som ligg nærast! Det er ikkje behageleg for bornet å bruke for store klede. Då mistar dei sin bevegelsesfrihet når dei er ute og leikar, og plagget blir slitt feil. Dressen tørkar fort om ein vrenger den etter vask og heng den opp.

Eigenskapar:
• Vanntett (30 000 vannsøyle)
• Sveisa saumar
• Regulerbar strikk i livet
• Haust og Vintervattert
• Vannstoppar på armar og bein
• Ventilerende fôr
• Øko Tex 100
• Vindtett
• Strikkar under foten
• Refleks på hette, armar og bein
• Avtagbar hette
• Materiale: Polyuretan (PU)