199 kr
Denne løse superheltkappa fra kolleksjonen Superkatten 2026 kan festes på nesten alt regntøy i kolleksjonen vår (NB! gjeld ikke Babyregndress Dugg).
Å feste kappen er superenkelt:
Knepp løs hetten fra regntøyet, tre på kappen– og knepp hetten på plass igjen i de samme trykknappene. Vipps! Så har du en ekte superhelt klar for alt fra regnpytter til hemmelige oppdrag i hagen!
Kappen er laget i slitesterk PU-kvalitet, og har en lengde som er nøye tilpasset slik at den ikke forstyrrer leken – og heller ikke går på kompromiss med tryggheten.
Kva skjer når regntøy møter superkrefter?
Jo – då får me Superkatten!
Denne lause superheltkappa frå kolleksjonen Superkatten 2026 kan festast på nesten alt regntøy i kolleksjonen vår (NB! gjeld ikkje Babyregndress Dugg). Me gjer det rett og slett berre på gøy – og fordi det skal vere lov å velje regntøy med eller utan kappe, alt etter humør og superheltambisjonar den dagen.
Å feste kappa er superenkelt:
Knepp laus hetta frå regntøyet, tre på kappa– og knepp hetta på plass igjen i dei same trykknappane. Vips! Så har du ein ekte superhelt klar for alt frå regnpytter til hemmelige oppdrag i hagen. Smart, ikkje sant?
Kappa er laga i slitesterk PU-kvalitet, og har ei lengd som er nøye tilpassa slik at ho ikkje forstyrrar leiken – og heller ikkje går på kompromiss med tryggleiken. Her kan små superheltar springe, klatre, hoppe og leike fritt, uansett vêr.
Vel mellom tre herlege superheltfargar, og la fantasien få fritt spelerom. No er det berre å sende små superkattar ut i regnet – me gler oss stort til å sjå superheltar i regnvêr over heile landet